OM KONTORET

Velkommen til arkitektkontoret Herre Arkitektur



Er du på jakt etter eit kreativt og nytenkande arkitektkontor som møter deg med openheit og fleksibilitet, og som er oppteken av at ditt prosjekt skal vere unikt? - Då må me ta ein prat saman!


Herre Arkitektur er eit arkitektkontor eigd og drive av meg, Audhild Herre, sivilarkitekt MNAL. Til meg kan du kome om du vil byggje hus det vert snakka godt og varmt om. Du kan også kome hit om du vil ha eit hus som du ikkje vil reise frå. Eller om du vil ha eit tilbygg med dører som inviterer «heile verda» inn på kaffi. Og vil du absolutt ha ei utestove som gjer naboen misunneleg, ja, så skal me fikse det også. Saman !


For eg er svært oppteken av at dialogen med deg skal vera god frå starten. Eg ynskjer å høyra dine ynskjer og behov, og samstundes sjå muligheiter frå nye og uventa synsvinklar. Det handlar om å sjå din stad, og særpreget og karakteren som er akkurat der du vil vera.



Som du skjønar teiknar Herre Arkitektur på ulike nivå. Små og større prosjekt innan privat og offentlig sektor. Kontoret har og som målsetnad å nå ut til deg som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å nytta deg av arkitektfagleg bistand, men som ser at innsats frå ein erfaren arkitekt kan utgjera ein kvalitetsskilnad utan for store kostnader.


Du er hjerteleg velkommen til å ta ein uforpliktande prat. Eg håpar me sjåast.




Herre Arkitektur har sentral godkjenning, tiltaksklasse 2